14. april 2011

Skuggeteikning - eit glimt frå studentkvardagen min.

Her er eit knippe av mine skuggeteikningar, som me skulle teikna i ei av øvingsoppgåvene våre på multimediedesign. Kjekt! Men dette har eg jo drive på med lenge. Me haldt vel på slik som dette i eitt halvt år (minst) på kunst og handverk, so det gjer jo dette til gamalt nytt for meg.



MEN! øving har eg alltid godt av. Eg blir nok aldri utlært, so dette ser eg på som ubetaleleg påfyll.



Eg har vel aller mest skravert på vanleg vis, samt ei teikning der eg fokuserte på negativt rom, berre at eg viska vekk lysområdene med knettgummien min. Eg grumsar alltid arket til med å legga neven min i kullet, for deretter å dra det med meg uansett kor eg teiknar, so  det vart litt grått å viska vekk (eigentleg skulle jo alt inni sjølve koppen vera kvitt, men so fekk eg ein ekstra effekt der. Laga til slutt ein blyantstrek inni. Kunne ikkje dy meg, for der var jo koppen heilt svart…



Eg brynte meg også litt på øvingsoppgåva for å kutta ut venstrehjernen min. Dette med den same kaffikoppen som i skuggeteikningane. Her ser de korleis det gjekk.

På den nedste skissa har eg laga ein runding der "ferda" byrja, og eit kryss der den enda, berre for å syna. Eg tenkte i utgangspunktet at eg ikkje skulle ta blyanten frå arket, og det gjorde eg altså ikkje...
Under øvingane har eg benytta meg av min H-blyant, knettgummi, papir, ei kraftig lommelykt, ein kopp og eit cocktailglas – sånn for å gjera oppgåva ekstra festleg. Ei av utfordringane mine her var å finna ei ryddig flate….

MEN! Teikneøkta var god som gull. Eg trur eg må øva meg meir på form. Eit mål er jo å kunna teikna kva det måtte vera, og vanlegvis teiknar eg ikkje koppar eller glas. Sidan alt rundt oss er bygd opp av ulike grunnformer, ser eg eit stort poeng i å trena auga opp til å få auga på desse.

I tillegg hadde me jo ei utfordring i å variera lyskjelda, noko som gjorde at forma vart oppfatta ulikt etter kor lyset kom frå. Eg kunne kanskje ha flytta på lyskjelda utan å flytta på koppen når eg tenker meg om, men eg flytta no på begge deler etter kvart.
Eg reknar med at me fekk denne oppgåva på grunn av å bli oppmerksom på form og lyssetting, noko den har gjort for min del. Frå før har eg jo dette i bakhovudet allerede, men ein oppfrisking kjenner eg kom godt med. Gler meg også til den dagen eg klarar å kutta ut all min fornuft når eg teiknar ein teikning, og berre nytta augo eller “augo” mine. “Augo” mine er dei eg nyttar for å illustrera dei bileta eg har inni meg. No er det mange av dei…


Tidlegare skraveringsøving. Trur eg brukte opp eit heilt skrin med blyantar på denne...

Ingen kommentarer: