Med ein noko skranta form har eg klart å fungera tåleg bra i dag. Hurra. Det eg har fått utretta inneber mellom anna litt orden på min vetle verkstad (som har vore so full i fant at eg ikkje har nytta den som verkstad på.... år og dag, minst). Eg ser jo klart at det renn over med bilder etter kvart, og er nok nøydd å kvitta meg med ein del snart. Eventuelt legga det på loftet og la musene gnega først.
Noja, eg skal ikkje gå so drastisk til verks. Ikkje enno iallfall. Eg nyttar med dette høve til å finna ut om det er nokon som har ledig veggplass som dei ynskjer å fylla med ein "jorun".
Er det nokon som har ekstra veggplass til overs, som ynskjer å fylla den med ein "jorun"?
Eg let den henga der...
Og medan du tenkjer ut kor mykje veggplass du har til overs, kan du få kikka litt på denne samstundes. Dette er den ferskaste "jorun", og mitt andre fungerande bidrag i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar