Då kjem det godt med å ha tre kids som både er glade, lukkelege, kjekke og syns frukt er smukt (...). Og ekstra kjekt når fruktfatet møter meg med eit smil etter den obligatoriske tisse-tannpuss-leggerunden. (Det er runden før dei endelause NO er det nok! No SKAL det vera stille!!-rundane)
Men med SÅ kjekke frukter måtte eg jo berre ta kameraet fatt, og maska litt på i ps, som vanleg. Min fine kaktus fekk seg også ei foreviging der den står so tørr (...) og fin på kjøkenhylla. Held ut med meg veke etter veke. Månad etter månad. År etter ...nei, so lenge har me ikkje deita enno. Men det kjem nok ;-)
![]() |
Kjekkaste fruktfatet! |
![]() |
Finaste eple! |
![]() | |
Tørraste kaktusen (kakketusso mi)! |
No skal eg snufsa meg inn i eit nytt døger her. Trefte ikkje midt i påsken denne gongen, men denne vårsjuko er no like standhaftig som blomen oppfor her... Ha ein framifrå kveld!
- Fred -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar