11. juli 2011

Ein fin liten fotocollage

Her er siste tilskot frå ferieminna so langt, denne med fine Lenami <3 Ho har venta spent på korleis hennar collage ville bli, etter å ha sett dei to andre sine. Ho vart heldigvis nøgd med resultatet; "kult!". Meir kan ein ikkje venta av ein kul tiåring (snart ti iallfall). På denne har eg også laga penselen med hjartene og LOVE, tykkjer det vart akkurat i Lena si ånd :-)

Bileta er forresten tatt i Dyreparken, der ho striked a pose kvar gong eg var oppe med kamera. Fint for oss, for då fekk me endeleg masse bilete av ho og, ho som alltid er på farten i kvardagen :-) <3

Ingen kommentarer: