10. juli 2011

Ein tøff liten fotocollage

Her kjem nestemann i rekka. Desse bileta vart tatt rett etter ein lang, kjekk og innhaldsrik dag i Dyreparken i Kristiansand. Endeleg fekk han sett Kaptein Sabeltann "på EKTA", og han fryde seg enno over det :-) Her er nokre bevis på at den turen vart godt motteke - han var spinnvill då me kom på campen igjen, og flørta lett med kamera ;-)

Her har eg forresten laga min eigen pensel; dei bilane som trillar over biletet har eg teikna og lagt inn som brush i photoshop :-) *stolt* Eg må nok laga fleire av desse! Hurra for kjekke ferieminne og at det enno er ei veka att av ferien (og mange veker til med sommar <3)

Ingen kommentarer: