15. april 2011

Skjøne fredag, skjøne Rosendal.

I dag har både eg og gubben hatt fri (oh what a feeling!!!), og nytta høvet til å traska oss ein dagstur rundt om i bygda. Først til barnehagen med dei minste, so opp med Hattebergsfossen, vidare ned Muradalen, ein ørliten kaffistopp i Rosendal, før me peisa opp Svartedalen og heim.

Det har aldri vore meir rett med ein dusj enn nett då, for å sei det slik. Men gud, so rett med tur nett i dag.

Me hadde med oss kaffi og kamera med stativ, so det vart trasking og knipsing om ein annan. I skjønn foreining på ein skjøn fredag i skjøne Rosendal. Her er litt av fangsten.

Baroniet 

Baronihagen 

Hattebergsfossen 

Også Hattebergsfossen. Eit utsnitt iallfall.

Litt av stien i Baronihagen

Eit velta tre i skogen

Tretango i Muradalen   

Med ein slik tur i bagasjen blir det ikkje so verst å jobba helg. Nokre timar med arbeid i morgon før det vert påskepoker i strålande lag. Helg og vår, eg hugar dykk.

God helg!

Ingen kommentarer: