7. januar 2012

Julebukkane på Skeie





Her er dei flotte pusane som traska mellom husa på Skeie i går. Låtvalet vart På låven sitter Nissen, og alle stemte i av hjartas glede og fryd.

Forøvrig eit greit "kostyme", med mange moglegheiter. Pus, hund, tiger, løva, mus, you name it. Flotte var dei iallfall, og sjølv på ein kald vinterdag klarte dei å smelta ei heil mamme, med fleire.

Merk; Ser du noko som manglar på nokre bilete? Jepp! Gaute har mista ei tann. Heldigvis er den nye på god veg opp :-)

19. november 2011

Ein liten orkidè på tampen av advent.

Eg har fått ein elsk på kvadratiske bilder, og her er eitt slikt. Syns orkidear gjer  seg veldig bra både i heimen og på bilde :-) God helg.

8. oktober 2011

Men eg kan ikkje la vera....

...å posta bilder av dei to andre gullklumpane og. Eg er velsigna med slike fantastiske skattar som gjer livet mitt rikare enn rikast.

...Og so gjer dei seg so ekstremt godt på bilder og!



7. oktober 2011

Lena 10 år

No er det ti år og snart 12 timar sidan eg nett hadde blitt mamma. Spesielt å vera 18 år og plutselig ha ansvar for eit lite gull.

Og korleis har det gått? Det har vore tøffe tak innimellom, på godt og vondt. Men aller mest ti fantastiske år, der eg har fått følga Lena på veien til å bli ei stor, ansvarsfull jenta. Sjølvstendig og med stor omtanke for andre. Ho er ein god ven, ei kjekk storesøster, ei fantastisk hjelpsom og herleg dotter. Ei kreativ og inspirerande sjel med smaken på livet. Verdens beste Lena, som me er så uendeleg glad i. Gratulerer med dagen solstrålo vår <3

17. september 2011

Litt trist - litt glad.

Sidan sist innlegg på bloggen er det mykje som har fyllt livet. Mi kjære mormor tutla over til ein ny dimmensjon og eg fekk meg ei tid i sorg og glede over det faktum at eg ikkje kan kjenna ho eller sjå ho slik eg pleide lenger. I tankane våre hoppar ho på trampolinen med ungane, so det er mest sakn som gjer det trist.

Som om det ikkje var nok, reiste me til Kreta berre ei lita veke etter at ho tutla (der eg førestilte meg at ho dansa på dei mjuke skyene over Europa og plaska i middelhavet saman med oss, åt is og drakk milkshake og skøya med dei greske servitørane). Me gjekk glipp av den faktiske begravelsen, men fekk oss ei veke i sol og varme, med gode, late dagar i stor lukke i staden. Eg trur mormor unna oss den veka ;)

Her er nokre bilder av oss på tur;















1. september 2011

Long time no see....


Det er crazy days for tida. Kjenner at hausten er på veg
og dagane fyk veggimellom her. Snart jul jo! 2011 har foke so langt iallfall.

Og plan for resten av året? Først Kreta, so KK-mil i Oslo
(ja, eg skal jogga. Tørrtrening kvar dag  ....hardtrening? svett blir eg iallfall), so Jul i Rosendal, o happy days!

I år er helga lagt til dei første dagane i desember, altså
2.-4. Vert ikkje betre :-) Heppiknottane er med i år og, og framover må eg nok setja meg i gir og mekka skjøne greier. Ikkje for å bli rik, men for å vera med på moroa!


Ja, og so har eg plutselig blitt med i fotoklubben her i bygdo, så det vert nok tatt litt bilder framover også. Og skule. Og bursdagar. Og kanskje lærer eg å laga sushi.
Ikkje fordi det er poppis, men fordi det er godt.

Ein må nyta det livet har å by på sant? Og med ei KK-mil i hælane, vil eg sei meg nøgd med å bruka av det potensiale som bur i meg. Må det kosa seg med utfordringane, og pakka seg godt inni eit varmt teppe med leopardmønster dersom eg ein dag ikkje blir svett. O herlege 2011. O herlege komande 2012.

31. juli 2011

Roleg helg. Ah!

Det er ikkje berre før stormen det er stille... ganske roleg etterpå og! Og stormen eg snakkar om er av dei kjekke slaga, med bursdagsfeiring og kalas.

Vel overstått bursdag, me har fått rydda heimen for gåvepapir og lagt både nye og gamle leiker på plass. Det kan eg lika. Og so fekk eg jo litt "fritid" i dag då, og har funne fram blyantboksen min. Resultatet:

29. juli 2011

Snart ei lita snupp på to!

I dag har eg ein etterlengta dag med fri, saman med ein herleg hjelpar og ven, Lena <3 
Me skal gjera klart til Ellinor sin toårsdag i morgon, med baking og pynting og kosing og dulling. Noko som mellom anna inneber å gå i hagen og plukka roser, blåsa opp megastore ballongar og heilt sikkert smaka på diverse rører og spre godlukt av ny bakst i huset.  
H E R L E G !
Difor må eg berre posta nokre bilder av herlegheita mi, før dullinga set i gong. Har litt nytrekt kaffi som ventar på meg og, og det er noko ein ikkje kan la venta.

Denne sukkerbiten blir to år i morgon. Søt som dagen er lang og full i liv og glede.Eit fantastisk individ!
Gaute er stolt storebror og vetlebror. Stiller opp til både leik og alvor. Betre bror kunne dei nok ikkje hatt <3
Lena er endeleg komen heim frå ferie, og skal hjelpa meg å laga verdens beste muffins til selskapet. HO er verdens beste Lena!
Monsen er og ein av mine herlegheitar. Gjorde seg eksepsjonelt godt på dette biletet. Finaste pusefisen <3
Slike skal det pyntast med :-) Fram med hagesaksa og vasane. Lekkert.