7. oktober 2011

Lena 10 år

No er det ti år og snart 12 timar sidan eg nett hadde blitt mamma. Spesielt å vera 18 år og plutselig ha ansvar for eit lite gull.

Og korleis har det gått? Det har vore tøffe tak innimellom, på godt og vondt. Men aller mest ti fantastiske år, der eg har fått følga Lena på veien til å bli ei stor, ansvarsfull jenta. Sjølvstendig og med stor omtanke for andre. Ho er ein god ven, ei kjekk storesøster, ei fantastisk hjelpsom og herleg dotter. Ei kreativ og inspirerande sjel med smaken på livet. Verdens beste Lena, som me er så uendeleg glad i. Gratulerer med dagen solstrålo vår <3

Ingen kommentarer: