
og dagane fyk veggimellom her. Snart jul jo! 2011 har foke so langt iallfall.
Og plan for resten av året? Først Kreta, so KK-mil i Oslo
(ja, eg skal jogga. Tørrtrening kvar dag ....hardtrening? svett blir eg iallfall), so Jul i Rosendal, o happy days!
I år er helga lagt til dei første dagane i desember, altså
2.-4. Vert ikkje betre :-) Heppiknottane er med i år og, og framover må eg nok setja meg i gir og mekka skjøne greier. Ikkje for å bli rik, men for å vera med på moroa!
Ja, og so har eg plutselig blitt med i fotoklubben her i bygdo, så det vert nok tatt litt bilder framover også. Og skule. Og bursdagar. Og kanskje lærer eg å laga sushi.
Ikkje fordi det er poppis, men fordi det er godt.
Ein må nyta det livet har å by på sant? Og med ei KK-mil i hælane, vil eg sei meg nøgd med å bruka av det potensiale som bur i meg. Må det kosa seg med utfordringane, og pakka seg godt inni eit varmt teppe med leopardmønster dersom eg ein dag ikkje blir svett. O herlege 2011. O herlege komande 2012.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar