I dag har eg ein etterlengta dag med fri, saman med ein herleg hjelpar og ven, Lena <3
Me skal gjera klart til Ellinor sin toårsdag i morgon, med baking og pynting og kosing og dulling. Noko som mellom anna inneber å gå i hagen og plukka roser, blåsa opp megastore ballongar og heilt sikkert smaka på diverse rører og spre godlukt av ny bakst i huset.
H E R L E G !
Difor må eg berre posta nokre bilder av herlegheita mi, før dullinga set i gong. Har litt nytrekt kaffi som ventar på meg og, og det er noko ein ikkje kan la venta.
 |
Denne sukkerbiten blir to år i morgon. Søt som dagen er lang og full i liv og glede.Eit fantastisk individ! |
|
 |
Gaute er stolt storebror og vetlebror. Stiller opp til både leik og alvor. Betre bror kunne dei nok ikkje hatt <3 |
 |
Lena er endeleg komen heim frå ferie, og skal hjelpa meg å laga verdens beste muffins til selskapet. HO er verdens beste Lena! |
 |
Monsen er og ein av mine herlegheitar. Gjorde seg eksepsjonelt godt på dette biletet. Finaste pusefisen <3 |
 |
Slike skal det pyntast med :-) Fram med hagesaksa og vasane. Lekkert. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar