31. mai 2011

Rar tysdag


Eg må jo prøva meg på litt eksperimentering, må eg ikkje? Her ein sjølvteikna sko på ein rustbakgrunn. Eg har ein del bakgrunnar som eg vil læra å bruka, slik at eg får heilt nye strengar å spela på i min kreativitet. Eg kjenner det er noko som må utforskast - om ikkje meir!

Det er iallfall slik som dette det går når gubben dreg på fiske heilt plutseleg ein tysdagkveld. Eg ante fred og ingen fare då han snudde på hælen og pakka snippveska si og stakk til Tysnes for å fiska makrell. Håpar han tar med ein fangst eller to heim til meg so eg kan venda den i timian og cummin, svi den på panno og nyta den attåt salat og rømme.

Snakkast.

Ingen kommentarer: