12. mai 2011

I am Geisha

Har du nokon gong hatt ein slik dag at du veit du berre MÅ teikna ein Geisha? Vel, då veit du korleis eg har det i dag (...).

Eg kunne iallfall ikkje motstå. Mogleg på grunn av at eg innimellom treng ei påminning om at det er ein plass i samfunnet for oss som vil gje folket kultur, kunst, latter, poesi og song?
Ikkje minst poesi. Fekk eit sjølvkomponert dikt i gåve av min kjære i dag, og aldri før har det vore så hjartesmeltande å bli kalla rognkjeks. 

(smoch - smoch)

Men sidan eg no har klart å overbevisa for meg sjølv nok ein gong at kunst er den sanne fornuft, postar eg hermed min indre Geisha. To all of you - with love.

Ingen kommentarer: