3. mars 2011

Vinterferie, omg!

Det er heilt ok med vinterferie kjenner eg. Plutselig kunne eg ha fri heile veka, og det er D E I L I G med rolige morgonar og kaffidrøs til langt på dag. Sikkert ikkje eit ukjent fenomen for nokon... :-)
Men no stikk me altså på hyttetur i helga, og eg lar dermed bloggen kvila ;-) Først må eg berre posta ei teikning eg gjorde for litt sidan. Dette er ein mann som går moteshow i damekle. Eg tykkjer det er fantastisk inspirerande. Og litt fantastisk. Eit plagg er eit plagg. Og me jenter har boyfriendjeans, kvifor skal ikkje guttaboys få gå i kjole? (På dette biletet brukte han jo skjorte og bukse, men han var skikkelig stasja opp med perler og slør også! Får laga ein versjon av det seinare tenker eg...)

Og som om ikkje det var nok å teikna, brukte eg ein kjekk filterfunksjon i photoscape for å gje bildet ein annan karakter. Jupsi. Og framleis god vinterferie de av dykk som har det!


Splatter er kult!

Ingen kommentarer: