No er me heime att frå hyttetur, og eg er full i gangsperr etter å ha freista med litt skigåing. Bortoverski. Noko eg ikkje har bedrive på mange år. Som vetleguten sa so fint; Mamma, no går eg på EKTA ski! Han staka seg bortover med samla bein. Då måtte jo mammo gjera da samma.
Eg angrar ikkje. Det var ei herleg helg, sjølv om den vart litt tidsmessig knapp no på slutten. Som studine treng ein alle dei timane ein kan få, liksom.
Dersom det fins folk som ynskjer å følga med på kva eg driv med, er det berre å ta turen til www.heppiknott.wordpress.com.
Men no må eg levera inn den første skuleoppgåva mi og ha meg nokre rekreasjonstimar på sofaen før kvardagen er i gong igjen.
Legg ved ein smakebit på ei av skuleoppgåvene eg har jobba med denne veka, berre for å fylla innlegget her med noko estetisk.
Eit aldri so lite innblikk der altså. Ha ei strålande veka. Fyll den med hjartegodis! Med sukker på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar