23. november 2010

Afternoon delights!

Etter helger proppfulle av mekking og sjuking og jobbing og sosialisering og strikking og sying og akking og fjasing har det hopa seg opp litt fotos frå alle ablegøyene og abletristene. Heldigvis har det vore mest av førstnemnde, men det er ein gong slik at ein vert litt sliten av tre ungar som absolutt skal ha vannkoppane i veke etter veke :-ø

Men dei har vore tapre, og då er det ikkje so alt for verst likevel!

Det nærmar seg VELDIG Jul i Rosendal også, so no er me mest spente og saikt, og undrar på om me kjem til å tola sprengkulda dei har meldt om. IK! Vonar mine nye deilige vintersko kan holda litt av kulden ute iallfall. Og berre tanken på kor fine dei er gjer meg jo varm om både hjarta og lesten :-)

No kan eg dog ikkje blogga meir i dag, eg har ei julemesse å gjera meg klar til!







Her er nokre av våre afternoon delights :-) Snart vert Eplabutikken vår oppdatert også, so stay tuned ;-)
Ha ei strålande føradventsveke pips!


Ingen kommentarer: