11. november 2010

Pappmasheføremiddag

Når ein fridag kjem som julekvelden på kjerringa skjer det noko. Eit lite magisk puff som gjer at ein står opp på rett fot, i rett ende og alt ligg til rette for at dagen skal bli F A B! - og slik vart det!


I dag har eg so langt kosa meg med pappmashe, den kunsten som ingen eigentleg hadde tolmod til i barneskulen, og som både lærarar og elevar gav opp etter første klumpete maske... 




Men i dag er eg ved friskt mot, og har mekka 'skalet' til fem skåler som skal bli so flotte og frydefulle att! Til helga er det mykje som står på plakaten (mellom anna leverpostei og juleverkstad), og der skal dei som vil - liten som stor - få dekorera skålene. Eg gler meg stort, og har meir tru på prosjektet enn eg nokon gong har hatt før :-)

Ingrediensar: ballongar i sprelske fargar, tapetlim, pensel og tolmod!

Og no; KOM HELG!

Ingen kommentarer: