Me skal straks tenna tre lys, eg får vengjeslag!! Tida går so fort og det er so mykje som skjer, og eg gjer mitt for å henga med i svingane. Ikkje det enklaste, men når eg sit og kikkar på mobilbileta mine ser eg at eg har faktisk fått unna meir enn eg trudde!
Mellom anna vert det ei jul der dei fleste gåvene er heimelaga! Det er slik både eg og slekta likar :-) Og då eg ikkje har introdusert bloggen for heile familien enno, vågar eg meg på å legga ut nokre foto av kva som har blitt til sidan sist.
![]() |
Her er eit utsnitt av eine julesokken til ungane. Siste dag i november sette eg ideen min ut i live, akkurat i tide til at dei skulle få si første desember-overrasking! |
![]() |
Ei julestjerne og to er sjølvsagt i hus. Vart både lukkeleg og overraska då min kjære kom heim med to stykk under armen - stolt som ein hane sjølvsagt :-) |
![]() | |||
Og heilt til slutt for i dag; eit vakkert foto tatt på veg til Oslo. SNAKK om winterwonderland! Jøye meg kor flott me har det :-) |
Jul i Rosendal gav forresten meirsmak i år også, sjølv om me fekk smaka på kulden i mange timar! Me heldt varmen med koseleg atmosfære, julemusikk, gløgg og kakao - som seg hør og bør!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar