17. september 2011

Litt trist - litt glad.

Sidan sist innlegg på bloggen er det mykje som har fyllt livet. Mi kjære mormor tutla over til ein ny dimmensjon og eg fekk meg ei tid i sorg og glede over det faktum at eg ikkje kan kjenna ho eller sjå ho slik eg pleide lenger. I tankane våre hoppar ho på trampolinen med ungane, so det er mest sakn som gjer det trist.

Som om det ikkje var nok, reiste me til Kreta berre ei lita veke etter at ho tutla (der eg førestilte meg at ho dansa på dei mjuke skyene over Europa og plaska i middelhavet saman med oss, åt is og drakk milkshake og skøya med dei greske servitørane). Me gjekk glipp av den faktiske begravelsen, men fekk oss ei veke i sol og varme, med gode, late dagar i stor lukke i staden. Eg trur mormor unna oss den veka ;)

Her er nokre bilder av oss på tur;















1. september 2011

Long time no see....


Det er crazy days for tida. Kjenner at hausten er på veg
og dagane fyk veggimellom her. Snart jul jo! 2011 har foke so langt iallfall.

Og plan for resten av året? Først Kreta, so KK-mil i Oslo
(ja, eg skal jogga. Tørrtrening kvar dag  ....hardtrening? svett blir eg iallfall), so Jul i Rosendal, o happy days!

I år er helga lagt til dei første dagane i desember, altså
2.-4. Vert ikkje betre :-) Heppiknottane er med i år og, og framover må eg nok setja meg i gir og mekka skjøne greier. Ikkje for å bli rik, men for å vera med på moroa!


Ja, og so har eg plutselig blitt med i fotoklubben her i bygdo, så det vert nok tatt litt bilder framover også. Og skule. Og bursdagar. Og kanskje lærer eg å laga sushi.
Ikkje fordi det er poppis, men fordi det er godt.

Ein må nyta det livet har å by på sant? Og med ei KK-mil i hælane, vil eg sei meg nøgd med å bruka av det potensiale som bur i meg. Må det kosa seg med utfordringane, og pakka seg godt inni eit varmt teppe med leopardmønster dersom eg ein dag ikkje blir svett. O herlege 2011. O herlege komande 2012.