Heppiknottar toler litt snø. Sjølv om eg sku ynskt det var sol og vindstille i dag. Eg skal på vift i helga, og då hadde det ikkje gjort noko med finvêr... Men som sagt. Eg toler snø. Har dermed ein god grunn å dra på meg mine FAB støvlettar som eg har arva av min kjæres bestemor. Raude, og frå Ameriken. Sjølv om dei er lave, klikkar dei so fint når eg trippar bortetter asfalten :) Hurra for raude støvlettar!
Men sidan det er snø, og eg er noko handikappa etter eit aldri so lite arbeidsuhell i går (det kan vera direkte farleg å skjæra seig entrecote. Heldigvis var kniven so skarp at det vart eit fint kjøttsår...), fann eg ut at eg kunne starta dagen med litt teikning. Dagens vart eit nytt tryne, denne gongen med lette discovibbar, litt popart, litt retro. Med ørlite redigering i photoshop, vart teikninga slik;
Denne går til mi søte Kristine fordi ho har fått seg ny hybel :) Gratulerer med hybel og ny teikning på veggen!
Eg er vist veldig glad i sterke kontrastar, og dei kom endo betre fram etter litt redigering <3 Men det var uansett veldig kjekt å sjå motivet koma til live, spesielt sidan dette var laga av mitt reine hjartans lyst! Eg elskar å teikna. That's a given.
Men no får eg vel pakka litt og rydda heimen slik at resten av familien får kosa seg max utan uroelement som rot rundt seg medan eg er vekke. Eg har fått beskjed om å ta med stilongs .. nei, ta på meg stilongs, so eg får vel finna ein måte å både kle meg og pakka smart. Kanskje konsert på hulen i kveld :-) Wihii!
Måtte helgo verta straolande!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar