27. mars 2011

I'm on a roll!

Med all denne teikninga (og blogginga) verkar det nesten som om eg ikkje gjer noko anna i løpet av dagane.. Dette er altså ikkje reelt. Men eg får på ein måte ein boost av å teikna, so kanskje det er difor eg når over so mykje? Eg får tru det, og halda fram med blyanten.

Sist veke slo det meg at me snart er i april. Og då kjem plutseleg mai, og vips so er det (jul) sommar igjen. GUD so dejligt! Ser snøen dalar ned her no, og sjølv om eg likar snø, er det ikkje alltid like kjekt når den kjem i mars/april. Då er eg überklar for vår. Men den kjem vel når den er klar. Krokusane står klare iallfall, men dei ventar enno på den perfekte augneblink då dei skal titta heilt fram.

Her er iallfall gårskveldens og morgonens aktivitetar, samla i ein liten montasje. Det fascinerar meg framleis kor masse kult ein kan gjera i photoshop, sjølv om det eg har gjort på denne berre tok meg to sekund. For ei verd eg begir meg inn i! Elskar det <3

Ingen kommentarer: