3. februar 2011

Og eg er i gong!

Jepp, du les rett! Eg er i gong. Men har ho ikkje vore i gong i snart 28 år då, spør du deg kanskje. Svaret er sjølvsagt ja, men no føler eg meg nærare målet enn nokon gong. Målet her kan lesast som karriere (les: kvardagar eg elskar. To the max! Eg har trass alt ein pensjon å tenka på...). 

Eg har på finurleg vis blitt full av inspirasjon og pågangsmot - to av dei sikre ingrediensane for alt her i verda. Kjærleik har eg plenty av (som ein anna ingrediens), og med enorm tru på det herrens år me er inne i, ser eg berre fantastiske moglegheiter og absolutt ingen hinder på vegen. 

Kliss, seier du? Jepp, klissklisskliss! Eg hugar kliss og optimisme! Rosa sky kom og løft meg opp til blaute draumar! Eg er klar!


Fred ut! Du er du og du duger!

Ingen kommentarer: