15. februar 2011

naiv. super.

Eg byrjar boble over av idear på kva eg lyt gjera motiv utav, kva eg bør strikka og sy, korleis eg kan fylla dagane til eige beste, saker som kan gjerast i hus og heim, prosjekt i hytt og dyne - og resultatet... det hopar seg opp. 

Men litt om gongen. Ein joggetur i veka, og plutseleg spring eg maraton, om du skjønar. Det er ein filosofi eg skal klara å leva med. Eg er berre so lysten på at alt skal skje! Eg vart heldigvis smurt med tolmod når eg kom til verda, so no er det igrunn berre å halda fokus. 

FOKUS Jorun!

Jada. Eg skal ha fokus. Lax!

Ha ein heppiknottdag!



Ingen kommentarer: