I dag var det lange på menyen, med friske grønnsaker og namnamnam. Langa var ikkje særleg lang, berre akkurat passe, og sjølvfiska - noko som sjølvsagt gjer det heile mykje betre! Me likar fisk :-)
Men medan potene kokte og fisken fekk trekka måtte eg jo ha litt avkopling. I dag i form av ei rask skisse og besøk av Bodil. Bodil er geita vår, og er temmeleg søt når ho kjem hoppande opp til kjøkkenvindauga for å sjå kva me skal ha til middag. Eller frokost. Eller kvelds. Eller lunch. Ho er ei geit etter mat iallfall. Og i dag fekk ho prøvesmaka litt brokkoli, og tykte det var so stas at ho vart liggande utanføre i tilfelle det skulle vera noko att etter middag. SØT <3
So sidan det er søndag og Bodil er så søt, får ho koma på bloggen med eit strålande portrett. Samt når-ein-venter-på-middag-skissa mi :-) Framleis god helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar