Lørdagen starta T i D e l E G! Då er det godt å ha deilig kaffi i koppen og ungar som finn roen i litt perling. Eg kan eigentleg ikkje få sagt kor fint det passa meg nett i dag med ord... So her kjem heller nokre søte bilete av mine fine rosiner <3
Gaute er inne i ein sommarfuglepoke, der masse fargar og flotte mønster er i fokus!
Lena har kasta seg på bokstavtrenden, i dei tidsriktige fargane blått og kvitt!
Perler i lange baner. Heilt fint på ein lørdagsføremiddag!
Ellinor er inne i siste fase med vannkoppane, og har vore tapper heile veka. Den übersøte uglegenseren kjem frå H&M. Me elskar den!
Her poserer Lena med mitt sist ferdigstilte strikketøy - nemleg ein stor, mjuk, deilig, rutete hals.
Og her; lommetøffel i bruk! Dei ser ut som søte små kinasko :-) Eg ynskjer meg ekte kinasko igjen, hugsar dei eg hadde som liten med stor indre fryd!
Ha ein strålande lørdag!
1 kommentar:
Hugleik over heile lingja, søs! Eg lika da!<4
Legg inn en kommentar