For å få eit lite avbrekk før eg skulle til tannlegen (og gløyma det faktum at hjarta banka villt, hendene var klamme, skuldrene stive og kroppen dirra av skrekk) fann eg fram stoffrestar og sette meg ved symaskina.
Resultatet vart fleire søte hjarter med fine, kjekke, leikne og fargerike bånd til oppheng. Eg gløymde iallfall tannlegetimen min for ein liten time og fekk ekstra å gle meg over resten av dagen :-)
Og då eg fekk skryt av min kjekke tannlege for godt vedlikehald av mine kvite små, vart dagen plutseleg betrakteleg betre. So no gler alle hjarter seg, både mitt og dei som heng i stova! <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar