9. februar 2011

Så sanneleg - midtvekehelg!

Fri to dagar på rad. Yamyamyamyamyam! Delicious! (Som Dora, utforskaren, ville sagt. Eller Ryggsekk då.) Eg fekk ikkje tatt alt husarbeidet i går, utan at det svekka livskvaliteten min i det heile. Men då har eg liksom å gjera på i dag og - pju!

Eg har uansett fått snike meg til nokre timar med gråblyanten i dag og (2B,4B og kolstift, om nokon lurer). Og sidan eg ein gong har ein liten blogg, kan eg vel posta greiene?!

Dei neste dagane vert fulle av kulturfestival og arbeid, so stay tuned for meir. Eg rekk nok ikkje over alt eg kunne tenka meg å rekka over resten av veka altså. Men mykje gøy dog.

Har forresten fått høyra på øyra at eg skal på Datarockkonsert snart :-) Wopwop! Hurra for masse gøy i 2011!


Ingen kommentarer: