6. januar 2011

Nytt år - nye moglegheiter!

Jaiks, so var me komen inn i det nye året (og vèl so det...)! Fytti so fort tida går, eg heng so vidt med i svingane her. Mykje godt i fjor også, men eg har på følelsen at 2011 vil bera mange både søte og fargerike frukter ;-)
Mellom anna ventar litt skulering, eg vert deltidsstudent ved Noroff Instituttet seinare i vår, og gler meg GRØN!
Elles har eg som plan (nyttårsforsett) å kosa meg meir i 2011, vera ein betre ven, meir ute og nyta naturen, samt ha verdas beste samvit når eg et sjokolade :-) Intet mindre!
Her er nokre foto frå ein tur til Myrdalsvatnet - eit av dei naturperlene eg ser fram til å vitja meir i år. Det er fantastisk nydeleg der, ein perfekt stad for å lada opp keativitetstanken!




Godt nyttår pips!


2 kommentarer:

risktine sa...

oj, da bilde av treet fikk ein heilt sinnsjuk effekt når da va opp ned :D

Jorun Larsen sa...

jepp :) likte det bedre den vegen!